Handball i Hareid - frå pionertid til vekst og framtidstru

Handballen i Hareid har ei lang og stolt historie. Alt i 1946, rett etter 2. verdskrig, vart det starta opp aktivitet med damelag. Interessa var stor, og i starten møtte så mange som 50 spelarar på treningane.

I det som seinare har blitt kalla den første gullalderen for handballen i Hareid, dominerte laget fullstendig. I åra 1950, 1951 og 1952 vart Hareid kretsmeistrar i den øvste divisjonen i Sunnmøre handballkrins, utan å tape ein einaste kamp. Etter stor suksess ebba aktiviteten ut, og i 1953 vart handballgruppa lagt på is. Først i 1971 kom det nytt liv i handballen, igjen med damelag, men denne perioda vart kortvarig.

Den tredje epoka starta i 1984/85, denne gongen også med eit mål om å satse på rekruttering. Desverre vart også dette forsøket avgrensa til berre nokre få år. Det verkelege gjennombrotet for moderne handball i Hareid kom i 1994, då idrettshallen ved Hareid ungdomsskule vart utvida. No vart det satsa breitt på barne- og ungdomshandball, og denne gongen fekk aktiviteten fotfeste. Sidan då har handballen stått sterkt, særleg på jentesida, sjølv om det ikkje lukkast å etablere nytt damelag i denne perioden.


Handballen i dag - meir liv enn på lenge

Frå 2013 har handballgruppa opplevd vekst i både interesse og rekruttering. I dag er det nærmare 100 aktive medlemar i gruppa, og talet er aukande. Vi har aldersbestemte lag i trening og seriespel. Den positive utviklinga gir grunn til optimisme, og vi jobbar kvar dag for å skape eit trygt, inkluderande og kjekt handballmiljø for både spelarar, trenarar og føresette.